Åfarnes småbåtforening

Postvoren på Åfarnes



Geir Grav, rådgiver i Rauma kommune.

Kopi med tilatelse.

Landgangsvoren var god å ha når posten skulle fram.



Åfarnes: Postvoren på Åfarnes med kaia i bakgrunn.
Foto: Per Kåre Rørhus Kopi med tillatelse.


Post var opphaveleg ikkje noko det offentlege hadde hand om. Det var ein privat affære, og eigaren av privilegiet styrte med inntekter og utgifter. Det norske postverket vart skipa i 1647, og posten vart no sendt med postbønder langs ei fastsett rute i staden for at ein nytta private bud. Det var bønder langs ruta som vart pålagt å frakte posten ei mils veg før neste mann tok over. Føremålet var å få raskare kommunikasjon innan embetsverket og militæret. Men det var også mogleg for private folk å nytte denne tenesta om dei betalte porto.

Posten skal fram

Den første postruta gjennom Romsdalen kom i 1650-åra. Men det er tvilsamt om det var regelmessig postgang på den tida, og ruta vart lagt ned. Inntil 1822 vart posten som skulle til Romsdal frå Kristiania og Austlandet sendt gjennom Gudbrandsdalen over Dovrefjell og ned Sunndalen til Molde, som var næraste postopneri for Grytten. Det vart fortalt at Gudbrand Onsum, handelsmann og eigar av Veblungsnes, i åra 1809-17 sendte to mann i båt til Molde ein gong i veka etter post.

Den nye postvegen

Veblungsnes vart poststad i 1821, og då vart det oppretta ei ny postrute. Ved ein kongeleg resolusjon vart det fastsett at “den romsdalske Post fra Skiftestedet Toftegaard på Dovre fremsendes særskilt over Læsje til Veblungsnæs”. Men vegen mellom Lerem og Alfarnes var ikkje ferdig, så difor måtte postruta vente til hausten 1822, då det omsider vart farbart på dette strekket. No vart posten sendt frå Dovre til Veblungsnes, og derifrå med båt til Torvik. Frå Torvik bar det landevegen gjennom Gjerdsetbygda og Lerem, langs Holmemstranda fram til Alfarnes. Derifrå måtte ein krysse Langfjorden over til Laberget på Sølsnes og vidare til Molde. Eit laberg er ei klippe, ei naturleg bryggje, der fartyg kunne leggje til. Dette namnet finn vi også i Rødven. På den tida var det postgang ein gong i veka.

På Holmemstranda står det ein stein til minne om då postvegen vart opna. Det er ein rodestein som er merka 1822, og han vart truleg sett opp i samband med grenseinndelinga dette året. Innskrifta OOSS står for Ole OlSen Sandnes. Han var frå Hamre, og gifta seg til garden Høgreina på Indre Sandnes. Alfarnes, som seinare fekk namnet Åfarnes, fekk eige postopneri i 1888.

Postvoren på Åfarnes

Det var sjøen som var hovudfartsåra, og dersom ein skulle frakte noko måtte ein gjerne i båt. Og der det ikkje fanst kai eller bryggje, var voren god å ty til. Landgangsvoren på Åfarnes, omtalt som Postvoren, vart bygd omlag 1822. Voren vart ein del av postvegen frå Akershus til Molde. Ein vor, eller vør, er det vel det vel stadig færre som veit kva er. Voren er ein eldgammal konstruksjon, og Ivar Aasen omtalar det som “En Steenbrygge, en Rad af Stene paa hver side af en Stød eller Landingsplass, nedlagt for at befæste Lunnerne og til at træde paa ved Landstigningen”. Ein lunn er eit tverrtre i ei båtstø. Voren vart bygd av godt tømmer i lang- og tverrveggar som vart fylt med stein, og så vart det lagt golv med slagvelter oppå. Voren var praktisk, for ein kunne leggje til både ved flo og fjøre. Var det høgvatn la ein til oppe, og var det lågvatn la ein til nede. Det førte med seg at voren kunne bli temmeleg lang.

I 1828 vart voren forlenga med 3 famner, som er 5.64 meter. Og slik gjorde han teneste til 1834, då han vart skada av storm og kraftig sjøgang. Og verre vart det året etter, då han vart så skamfert at han måtte byggjast opp att frå nytt. No vart han større og sterkare enn før, og i mange år gjorde han nytte for seg før han fekk seg ein trøkk att i 1867. Og nok ein durabeleg trøkk i 1878. Stygt medfaren vart han atter restaurert, og no vart det nytta minert stein som ein batt saman med hakar og boltar. På kvar side vart det lagt trereimer i tilhogd tømmer med 8” topp. Det skulle halde.

Kaia tek over

Ein vor kunne vere både privat og offentleg. Dei offentlege vorane stod der postvegen eller kongevegen gjekk. Etter veglova av 1824 fekk amtet ansvaret for dei offentlege landgangsvorane. Etter kvart vart dei erstatta av kai eller bryggje, men det var offentlege vorar i drift heilt fram til 1960. Kaia var noko nytt som kom saman med dei store rutegåande båtane i andre halvdel av 1800-talet. Det vart starta dampskipstrafikk på Langfjorden i 1856, og fordi det ikkje var kai på Åfarnes, hadde skipa med seg føringsbåtar som vart nytta til å frakte varer og folk på land.

I 1932 vart det bygd fergekai med båttillegg framfor voren, og denne kaia har fått plass i historia frå andre verdskrig. Den 25.april 1940 kom det ein kolonne på 25 lastebilar til Åfarnes. Det var gullbeholdninga til Noregs Bank som var lastet om frå togvogner på Romsdalshorn, og som no skulle fraktast til Molde og vidare ut av landet. Det var to ferger som vart rekvirert til oppdraget: “Moldefergen” og “Våge-Norvik”, og begge tok berre 2 lastbilar i gongen. Overfarten skjedde om natta, og heile operasjonen tok 6 timar.



KULTURMILJØ: Området rundt postvoren på Åfarnes har blitt et innholdsrikt og interessant kulturmiljø takket være stor innsats fra mange lokale krefter.

Foto: Tormod Lien Kopi med tillatelse.

Eit unikt kulturmiljø

Over tid har det vore utført eit omfattande arbeid i privat regi for å gjenskape og vedlikehalde kulturmiljøet ved voren. Voren er ein viktig del av kulturhistoria vår, og det er starta eit prosjekt for å restaurere han i eit samarbeid mellom private og det offentlege. Vi ser konturane av eit unikt kulturmiljø på Åfarnes, som både kan fortelje historia og samstundes vere ein særeigen møteplass for ulike arrangement.


Kjelder:
Austigard, Bjørn: Laberget, voren og bordnakken. Jul i Romsdal 2000.
Foss, Knut: Av Romsdalens posthistorie. I “Blad av Romsdals historie”, Romsdal sogelag 1977.
Harnes, Per Arnt: Gulltransporten - dramaet fra dag til dag. Romsdal sogelag 2017.
Kvernberg, Anders: Molde byleksikon. Romsdal sogelag 2021.
Larsen, Rolf: 1940. En kort oversikt over hendelsene i aprildagene på Åndalsnes, Veblungsnes, Verma og Dombås. Utg.1970.
Rekdal, Bjarne: Offentlege landgangsvorar i Romsdal amt. Utg.1978.
Romsdal sogelag: Minnesmerke OOSS 1822. Nettside Romsdal sogelag.
Rørhus, Per Kåre: Mitt Åfarnes - noe av historien i ord og bilder. Årbok for Rauma historielag 2021.
Rørhus, Per Kåre og Randi: Eit kulturminne. Landgangsvoren/Postvoren på Åfarnes. Informasjonsskriv. Utg. 2018.
Munnlege kjelder:
Bjørn Austigard, Per Kåre Rørhus

Orginal artikkel publisert i Åndalsnes Avis fredag 28. januar 2022: Postvoren på Åfarnes